fredag 8. juli 2011

Første fotografering.









Da var dagen der, kjolane kom i posten onsdag ettermiddag, og alt skal planleggast til  foto på torsdag. Fotograf Ma er klar etter litt organisering, modellar er klar, sminke og frisør er problem på så kort varsel selfølgeli. Kven, kva, kor i ferietider, og fullbooking. Etter ei melding kl. 22. på kvelden til Lisa Mari , som berre var så positiv og klar, så var sminke og hår i box. Wow Lisa, sporty, tusen takk!! Alt av rekvisita er klart, og eg klare ikkje å hugse om eg er klar eller ikkje, kanskje. Eg treng hjelpera. Anne Kari stiller alltid. ALLTID. Da er det berre veret. Det er nydelig temperatur, og opplett til kl. 14 trur eg. Vi skal starte kl. 16.  Og så berre PØSAR det ned. Ok da må vi finne på noko anna. Løda til tante Borghild uti Goksøyra  er redninga. Men kl. 16.30 så  er det slutt på regnet, og alt går som planlagt. Overskya og PERFEKT.  Vi hadde en magisk dag. Takk til Lise og Fride som modellar, Ma for fantastiske bilder, Anne Kari, Jorun, Anny, for super hjelp. Arvid for vi parkerte på eigedomen din og trakka ned graset ditt til stor irritasjon, men det gikk bra. Eit par mannfolk måtte også trå til, sjølv om dette er eit konsept for tøffe damer, som klarer oss utmerket viss vi vil!! Ida, Camilla, Maria, Rikke og ei Maria til, som ekstra modella til resten av jentegjengen. Og så "rana" eg blomster og gaver. Her er først litt bilder frå bak kamera. Det morsomme oppi alt var at turistane tok bilde av oss, dei trudde sikkert at det var noke storveis....

fredag 1. juli 2011

Ein spire blei født.

I eit år har eg jobba med "ko.ko", eller det vil sei at det heite "SPIRE" fram til jula 2010. Eg blei med eit livredd for at navnet "spire" skulle bli for snillt, vakkert, yndig. Redselen for at nokon skulle kalle produkta "koslige" tok nattesøvnen. Eg måtte heite noko anna, det måtte vere rampette, tøff, tidlaust. Eg ville knytte inn naturen, Norge, kongle, gjøken, humor. Say no more: ko:ko is born.