onsdag 21. desember 2011

Sjekk bloggen: HEILE 3 vinnera av ko:ko INTERIØR!!!

Planen min går   s a k t e  & sikkert slik den skal. Og no kjem endeleg det første interiøret. Og eg har fått eindel vareprøver eg ikkje har vore fornøgd med. Så no er eg glad for å fortelje at t-lys glassa snart er på lager, og er klar for  nye heimar etter jul.....
Fabrikken som produserer  t-lysa for oss produserer også for Burberry og Davidoff. Eg flira litt i starten, og tenkte at det hørtest dyrt ut, men eg eg så fornøgd med resultatet, og dei er verdt prisen sin. Dei er enkle og fine, passe store, perfekt gjennomsiktege og det har faktisk vore vanskeleg å lage enkle fine ting.

Her er litt bilete frå produksjonen, og det er som med ALLE andre ko:ko produkt. Dei er produsert kun til og for ko:ko. Så dei er derfor i begrensa opplag. Alle t-lys har også ko:ko print, så du kan vere sikker  på at det er orginale ko:ko produkt.




I alle fall, så trekker eg 3 stykker som vinner ein pakke med 3 t-lys. Det er ei takk for at dykk deler og engasjerer dykk for ko:ko. TUSEN TAKK!!


Dykk som vinn send meg adressa dykk på post@kokonorway.no    Eg sender pakken til dykk i starten på januar. Enn så lenge: GLED DEG OVER JULA!!!!
Vinnarane er:
*Anne Sørøy Voldnes
*Sissel Astrid Løvoll
*Hilde Moholt


Med dei beste ønskjer for jula og det nye året frå ko:ko

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar