Nei ikkje slik på vent, men kjolane heng på rekke og rad på fabrikken, på vent. Eg får fin oppfølging frå fabrikken. Dei forsikrar meg om at all produksjonen er godt igang, og at noko er ferdig. Eg får litt hjartebank når eg ser dei henge der med ko:ko logoen. I dag har eg prøvt å finne ut kva tid denne draumen eigentleg starta. Og eg har leita fram brosjyra frå eit firma som eg jobba for på midten av 90-talet. Eg var selgar og produktutviklar. Vi reiste til portugal med skisser, og fekk produsert keramikk, potter, interiør produkt, julenissar etc. Eg har bilete av keramikk serien, og eg likar den faktisk enda. Skal vise det ein annan dag.
Ja så var det den draumen då. Kva tid skal ein følge draume sin, og kva tid følest det som ein draum. For å følge draumen, så må du nok rydde plass til den. Og kanskje må du" rydde vekk" meir enn du hadde tenkt. Eg har tenkt monge gongar dette året at "det er ei tid for alt". Men eg har vore veldig bestemt på å holde fokuset, og ikkje bli redd. Det har eg klart. Og no har draumen blitt verkeleg, og det er no jobben startar. Heldigvis så trivest eg best i virkligheita. Og når virkeligheita består av kjekke samtalar med nye forhandlera som har tru på ko:ko og ønsker å ta det inn i butikken sin. Åh...ja det er akkurat desse konkrete augeblinka eg har venta på. Og det kjekkaste er at eg føler at det er ko:ko og forhandlerane isaman, som skal bygge merket vidare.
Her hos meg er gledene pitte pitte små og kjempe store.....sjekk dei pitte små gledene då....men store nok til at hjertet gjorde eit lite hopp....tapen på pappkassa.....dette er virkeleg...
Ha det godt!!
torsdag 22. september 2011
onsdag 10. august 2011
Ventar på gjøken....
Der er ikkje tull, eg går og ventar på ein gjøk som skal komme i posten. Han kom ikkje i dag heller. Her "stormar" det om dagen, eller det vil sei at alt skal bli klart til messa på Lillestrømm. Golvbelegg, tapetar, stativ, brosjyre, skilt, banner, og mykje meir. Håper eg hugsar å ta med meg varene eg skal selge....hehe.
No er lager så og seie på plass,og det er berre å klargjere. Eg har vigla veldig om eg skal ha nettbutikk eller ikkje, men no har eg bestemt meg!!**** Eg trur at eg har full kontroll, for no har eg begynt å irritere meg over at ingen av fabrikkane eg har jobba med har klart å gjennomføre hovud ideen min på designet. Ingen av dei har klart å gjennomføre den teknisk. No skal eg ta tak i det igjen, og eg gir meg ikkje før det blir realisert!!!! Det kribla,og eg synest at ideen er genial:) Og det var denne ideen som gjorde at eg ville satse også. Då satsar vi først på at gjøken kjem i posten i morgon. Her er han,luringen, på ei pute:)
fredag 8. juli 2011
Første fotografering.
Da var dagen der, kjolane kom i posten onsdag ettermiddag, og alt skal planleggast til foto på torsdag. Fotograf Ma er klar etter litt organisering, modellar er klar, sminke og frisør er problem på så kort varsel selfølgeli. Kven, kva, kor i ferietider, og fullbooking. Etter ei melding kl. 22. på kvelden til Lisa Mari , som berre var så positiv og klar, så var sminke og hår i box. Wow Lisa, sporty, tusen takk!! Alt av rekvisita er klart, og eg klare ikkje å hugse om eg er klar eller ikkje, kanskje. Eg treng hjelpera. Anne Kari stiller alltid. ALLTID. Da er det berre veret. Det er nydelig temperatur, og opplett til kl. 14 trur eg. Vi skal starte kl. 16. Og så berre PØSAR det ned. Ok da må vi finne på noko anna. Løda til tante Borghild uti Goksøyra er redninga. Men kl. 16.30 så er det slutt på regnet, og alt går som planlagt. Overskya og PERFEKT. Vi hadde en magisk dag. Takk til Lise og Fride som modellar, Ma for fantastiske bilder, Anne Kari, Jorun, Anny, for super hjelp. Arvid for vi parkerte på eigedomen din og trakka ned graset ditt til stor irritasjon, men det gikk bra. Eit par mannfolk måtte også trå til, sjølv om dette er eit konsept for tøffe damer, som klarer oss utmerket viss vi vil!! Ida, Camilla, Maria, Rikke og ei Maria til, som ekstra modella til resten av jentegjengen. Og så "rana" eg blomster og gaver. Her er først litt bilder frå bak kamera. Det morsomme oppi alt var at turistane tok bilde av oss, dei trudde sikkert at det var noke storveis....
fredag 1. juli 2011
Ein spire blei født.
I eit år har eg jobba med "ko.ko", eller det vil sei at det heite "SPIRE" fram til jula 2010. Eg blei med eit livredd for at navnet "spire" skulle bli for snillt, vakkert, yndig. Redselen for at nokon skulle kalle produkta "koslige" tok nattesøvnen. Eg måtte heite noko anna, det måtte vere rampette, tøff, tidlaust. Eg ville knytte inn naturen, Norge, kongle, gjøken, humor. Say no more: ko:ko is born.
Abonner på:
Innlegg (Atom)
