fredag 23. desember 2011

Og vinneren av gåvekort på kr. 3000,- er.......

Jau det er du det Turid papirpuslerier. Eg veit ikkje kva du heiter meir, men du har ein blogg som heiter Turid papirpuslerier. GRATULERER og tusen takk for deling på facebooksida di, og tusen takk alle dykk andre også , ein super jobb har gitt ko:ko over 1800 facebook vennar:) !! Turid du må ta kontakt med meg på: post@kokonorway.no  Med dette så ønskjer eg alle ei fantastisk jul, og eg boblar nesten over etter å fortelje om alt som skal skje i 2012.
Gledleg JUL frå ko:ko

onsdag 21. desember 2011

Sjekk bloggen: HEILE 3 vinnera av ko:ko INTERIØR!!!

Planen min går   s a k t e  & sikkert slik den skal. Og no kjem endeleg det første interiøret. Og eg har fått eindel vareprøver eg ikkje har vore fornøgd med. Så no er eg glad for å fortelje at t-lys glassa snart er på lager, og er klar for  nye heimar etter jul.....
Fabrikken som produserer  t-lysa for oss produserer også for Burberry og Davidoff. Eg flira litt i starten, og tenkte at det hørtest dyrt ut, men eg eg så fornøgd med resultatet, og dei er verdt prisen sin. Dei er enkle og fine, passe store, perfekt gjennomsiktege og det har faktisk vore vanskeleg å lage enkle fine ting.

Her er litt bilete frå produksjonen, og det er som med ALLE andre ko:ko produkt. Dei er produsert kun til og for ko:ko. Så dei er derfor i begrensa opplag. Alle t-lys har også ko:ko print, så du kan vere sikker  på at det er orginale ko:ko produkt.




I alle fall, så trekker eg 3 stykker som vinner ein pakke med 3 t-lys. Det er ei takk for at dykk deler og engasjerer dykk for ko:ko. TUSEN TAKK!!


Dykk som vinn send meg adressa dykk på post@kokonorway.no    Eg sender pakken til dykk i starten på januar. Enn så lenge: GLED DEG OVER JULA!!!!
Vinnarane er:
*Anne Sørøy Voldnes
*Sissel Astrid Løvoll
*Hilde Moholt


Med dei beste ønskjer for jula og det nye året frå ko:ko

lørdag 10. desember 2011

www.kokoshop.no

Å endeleg er vi ferdige med heimesida vår:  www.kokonorway.no  og nettbutikken www.kokoshop.no
Og det var så kjekt å opne sidene.  Så vi tek ein liten truddelutt for det! Eg er så glad fordi no kan du leite opp din nærmaste forhandlar på heimesida vår, og er der ingen nær deg, så kan du finne oss på nettbutikken.  Så i lykkerus over å vere ferdig med kokoshop og heimesida, og i håp om at dei som leitar etter oss, finn oss, så har vi ko:ko KO:NKURRANSE..... Del denne linken på facebooksida sida di (eg ser kven som delar linken) og vi trekk ein vinnar av eit ko:ko gåvekort på kr. 3000,- Eg trekk ein vinnar på sjølvaste lisjejulafta <3 Og vinnaren blir............kanskje deg. Å du, følg med! Det er mykje spennande som skjer snart!!!!!! 

tirsdag 22. november 2011

WOW ....HUGSAR DU..........klikk her og les bloggen.

Hugsar du at vi har lova vekk ei  råtøff unisex  PC veske "Jon" til ein verdi av kr. 2990,- når vi når 2000 tilhengera. Den kan bli di, og alle som deler er med i trekninga. Hjelp oss å del ko:ko si f.b. side, og snart er det GLADE JUL!!!!! Konkurransen blir her på bloggen, fordi konkurransar på facebook er ulovleg. Ha ein nydeleg dag!!

mandag 14. november 2011

MAKE A WISH

Å jol med .....Har du eit koko ønskje til jul, så skriv det på ønskje lista vår, og kanskje det blir ein eller annan "nisse som finn ut av det. Og som du veit, vårt slagord er "MAKE A WISH" så hugs å skriv ønskje ditt på facebook. Å nissen kjem innom den 1.desember. Å JOL MED DIN GLEDE.......Å BARns l..i...

fredag 21. oktober 2011

FORHANDLERLISTE


ko:ko sine FORHANDLERE:

NORGE:

Blomster & Gaver  (totalforhandler)
Fosnavåg Tlf. 70088005

Blomster & Gaver   (totalforhandler)
Myrvåg Tlf. 70083730

Silkevippa   
Vinje Tlf. 99384538

Milde Mathilde & Drillpikene
Hundhamaren Tlf: 73970370

Kle og Kaffi 
Volda
Tlf. 70078020

Conzept
 Oslo Tlf. 22350900

Visit Me
Oslo Tlf. 47853894

Galleri Ene
Sarpsborg Tlf. 69131139

Dinas Rom AS
Steinkjær  Tlf. 74164334

Sjarm & Sjel AS
Kolbotn Tlf: 66803700

Mitt Paradis
Oslo Tlf. 41121647

Tova
Bjorli Tlf. 94455555

Pur Glede
Måløy Tlf. 91340611

Caramel
Molde Tlf. 96996057

Butterfly
Trondheim Tlf. 73538160

Bjølla
Lyngdal Tlf. 46501237

Skippssekken
Farsund Tlf. 95969566

Husfliden Ålesund
Ålesund. Tlf.  70121668

Det grønne hus
Røros Tlf. 41448748

Fru. Frøken
Ringebu Tlf. 93201921

Strand Hårdesign
Tau Tlf. 51746660

Pikekyss Doktorgården
Slemmestad Tlf. 99482092

Kirkenes Husflid AS
Kirkenes Tlf. 78991246

Kristina AS
Bodø Tlf. 75540044

Prikken over ièn
Hægland Tlf. 99405011

Trådsnella
Vatne Tlf. 97141964

Fiolen
Stryn Tlf. 57872224

Hannes Hjerterom
Kjeller Tlf. 91314494

Ødegaard dame
Drammen Tlf. 32201014

Woldstad gard
Isfjorden Tlf. 92609509
 







FÆRØYANE

Trin 27
v/Annika Juul
Hoyvík
Færøerne
Tlf:00298513346

tirsdag 18. oktober 2011

Spenna klar og høg på adrenalin.

Å det er så spennande. Eg gler meg til det er i BOX.  Ja, at varene er i ko:ko-boks, og på veg til hærlege butikkar. No er det berre å få alt i hus, vi er spenna klar. Supert at vi klarte å nå 1500 likera på fb. og  kjolen fekk eit navn. Gratulerer til Kristin Hide Truelsen, "Kristin" kjolen er din, og tusen takk for hjelpa, og at du har vore så engasjert. Tusen takk til dokke andre Kristin -damene som også delar og delar. Kjolen er oppkalt etter dokke alle ;)
No kjem straks første levering, og det kjem ei ny levering i november også.  Desse kjolane kjem no: Nina, Pia, Olga, Kristin, Sigrun, Anne, Kari, Lykke, Merete, Kine, Lisa. + alt av skinn produkt : Willma, Stine, Jorun, Lerka, Tine, Jon og basic Milla. Vi gir oss ikkje, og PC- veska "Jon"blir trekt ved 2000 fb. likera:)))  TAKK for følget!! Neste gang eg bloggar har varene komt!!!!!!    HA DET GODT!!

mandag 17. oktober 2011

Ventar i spenning på vår aller, ALLER første levering.

Det er så spennande, og det er heldigvis ikkje berre eg som synest det er spennande. Spørsmålet no er, kor lang tid skal dei bruke på transporten???? Det er utruleg irriterand å vente på noko, utan å kunne gjere noko for at det skal gå raskare. Eg er super optimistisk, og tenker at alle ting går så raskt som det kan. Men det gjer det ikkje alltid. No er transporten godt i gang, og dei har vore på vegane i 6 dagar. Med 2 sjåførar, såkalla express, så må dei no snart dukke opp. Eg sjekkar telefon og mail ganske ofte, veldig ofte, egentleg heile tida...... Alt av toll og tull er ordna,  lager er klart, så da er det berre å site her å vente. Og det er det eg er dårlegast på, å vente!! Så da er det kjekt med det store engasjemanget på facebook. Vi når snart 1500 tilhengera, og da skal vi velge eit av navna dykkar på ein kjole:) Denne kjolen har ein "swril of life". Så del sida med dine vennar, og bli like ko:ko som oss.
Og så må eg berre minne dykk på kva som står inni alle kjolane. Denne teksta er kun ein påminnelse til oss sjølve.

"ko:ko congratulations, some days you deserve to be the princess that you really are"


Ha det godt da!

tirsdag 4. oktober 2011

2000 tilhengera på fb.

Hærlig-het  kor vi masa om del og lik, inviter og tjo og hei. Men no er det ikkje så lenge igjen, og då håper eg at eg ikkje får tid til å mase så mykje om fb. Saken er den at alle dokke har vore, og er, som nokon "usynlige" kollega, som hjelper til, rosar, risar, og hjelp meg fram. Eg kosar meg med kommentarar, flirar, skakkar på hovude og  kommenterer høgt. Men iallefall, når vi har komt til 2000 tilhengera, då trekk eg som vinn PC veska i fantastisk kalveskinn.  Den e så knall fin!!! Eg trekk også ein som får "navnet" sitt på ein kjole, og du får selfølgelig også kjolen!!! Så fortsett å del ko:ko i hytt og pine. Og forvinn eg ei stund, så har eg på lagerfrakken og treklakka, stor i augene og muligens ser eg stjerner..... Ha det godt!!


torsdag 22. september 2011

ko:ko på vent.....

Nei ikkje slik på vent, men kjolane heng på rekke og rad på fabrikken, på vent. Eg får fin oppfølging frå fabrikken. Dei forsikrar meg om at all produksjonen er godt igang, og at noko er ferdig. Eg får litt hjartebank når eg ser dei henge der med ko:ko logoen. I dag har eg prøvt å finne ut kva tid denne draumen eigentleg starta. Og eg har leita fram brosjyra frå eit firma som eg jobba for på midten av 90-talet. Eg var selgar og produktutviklar. Vi reiste til portugal med skisser, og fekk produsert keramikk, potter, interiør produkt, julenissar etc. Eg har bilete av keramikk serien, og eg likar den faktisk enda. Skal vise det ein annan dag.

Ja så var det den draumen då. Kva tid skal ein følge draume sin, og kva tid følest det som ein draum. For å følge draumen, så må du nok rydde plass til den. Og kanskje må du" rydde vekk" meir enn du hadde tenkt. Eg har tenkt monge gongar dette året at "det er ei tid for alt". Men eg har vore veldig bestemt på å holde fokuset, og ikkje bli redd. Det har eg klart.  Og no har draumen blitt verkeleg, og det er  no jobben startar. Heldigvis så trivest eg best i virkligheita. Og når virkeligheita består av kjekke samtalar med nye forhandlera som har tru på ko:ko og ønsker å ta det inn i butikken sin. Åh...ja det er  akkurat desse konkrete augeblinka eg har venta på.  Og det kjekkaste er at eg føler at det er ko:ko og forhandlerane isaman, som skal bygge merket vidare.
Her hos meg er gledene pitte pitte små og kjempe store.....sjekk dei pitte små gledene då....men store nok til at hjertet gjorde eit lite hopp....tapen på pappkassa.....dette er virkeleg...




Ha det godt!!

onsdag 10. august 2011

Ventar på gjøken....



Der er ikkje tull, eg går og ventar på ein gjøk som skal komme i posten. Han kom ikkje i dag heller.  Her "stormar" det om dagen, eller det vil sei at alt skal bli klart til messa på Lillestrømm. Golvbelegg, tapetar, stativ, brosjyre, skilt, banner, og mykje meir. Håper eg  hugsar å ta med meg varene eg skal selge....hehe.
No er lager så og seie på plass,og det er berre å klargjere. Eg har vigla veldig om eg skal ha nettbutikk eller ikkje, men no har eg bestemt meg!!**** Eg trur at eg har full kontroll, for no har eg begynt å irritere meg over at ingen av fabrikkane eg har jobba med har klart å gjennomføre hovud ideen min på designet. Ingen av dei har klart å gjennomføre den teknisk. No skal eg ta tak i det igjen, og eg gir meg ikkje før det blir realisert!!!! Det kribla,og eg synest at ideen er genial:) Og det var denne ideen som gjorde at eg ville satse også. Då satsar vi først på at gjøken kjem i posten i morgon. Her er han,luringen, på ei pute:)

fredag 8. juli 2011

Første fotografering.









Da var dagen der, kjolane kom i posten onsdag ettermiddag, og alt skal planleggast til  foto på torsdag. Fotograf Ma er klar etter litt organisering, modellar er klar, sminke og frisør er problem på så kort varsel selfølgeli. Kven, kva, kor i ferietider, og fullbooking. Etter ei melding kl. 22. på kvelden til Lisa Mari , som berre var så positiv og klar, så var sminke og hår i box. Wow Lisa, sporty, tusen takk!! Alt av rekvisita er klart, og eg klare ikkje å hugse om eg er klar eller ikkje, kanskje. Eg treng hjelpera. Anne Kari stiller alltid. ALLTID. Da er det berre veret. Det er nydelig temperatur, og opplett til kl. 14 trur eg. Vi skal starte kl. 16.  Og så berre PØSAR det ned. Ok da må vi finne på noko anna. Løda til tante Borghild uti Goksøyra  er redninga. Men kl. 16.30 så  er det slutt på regnet, og alt går som planlagt. Overskya og PERFEKT.  Vi hadde en magisk dag. Takk til Lise og Fride som modellar, Ma for fantastiske bilder, Anne Kari, Jorun, Anny, for super hjelp. Arvid for vi parkerte på eigedomen din og trakka ned graset ditt til stor irritasjon, men det gikk bra. Eit par mannfolk måtte også trå til, sjølv om dette er eit konsept for tøffe damer, som klarer oss utmerket viss vi vil!! Ida, Camilla, Maria, Rikke og ei Maria til, som ekstra modella til resten av jentegjengen. Og så "rana" eg blomster og gaver. Her er først litt bilder frå bak kamera. Det morsomme oppi alt var at turistane tok bilde av oss, dei trudde sikkert at det var noke storveis....

fredag 1. juli 2011

Ein spire blei født.

I eit år har eg jobba med "ko.ko", eller det vil sei at det heite "SPIRE" fram til jula 2010. Eg blei med eit livredd for at navnet "spire" skulle bli for snillt, vakkert, yndig. Redselen for at nokon skulle kalle produkta "koslige" tok nattesøvnen. Eg måtte heite noko anna, det måtte vere rampette, tøff, tidlaust. Eg ville knytte inn naturen, Norge, kongle, gjøken, humor. Say no more: ko:ko is born.