lørdag 28. juli 2012

Fotoshoot !!

Då er fotografering til katalog ferdig og det var ein super dag som eg har gleda meg til. Først så skal eg røpe kva eg skulle LAGE av popcorn. Ingen klarte å tippe det. Det var ein popcorn brudebukett, som blei brukt som effekt i eit bilete. Ganske ko:ko!! Ellers så brukte vi popcorn på andre måtar også. Katalogen kjem snart.. Her er bilder av buketten.....synd at ingen klarte å tippe det då. Ønsker dokke ein super-duper god laudag, kanskje med ei stoor skål med popcorn!

fredag 20. juli 2012

OVERRASKING

Må berre flire litt av det sammensuriummet av kjolar og sko, pakking, sending, fortolling, fraktberv osv. Å ikkje berre det, det er planlegging av haust, vinter, vår 2013 og sommar 2013. Messer, katalogar osv. Ja det er ikkje nokon spøk lenger. Oppi alt dette så skal då min kjære mann prøve å holde orden på meg. Han er to veker på sjø og 4 veker heime og held orden og ..(humre humre) pakkar kjolar. Akkurat no er han på sjø, men han hadde fått med seg gjennon sosiale medier at eg hadde kjørt eit lite stunt på nettbutikken www.kokoshop.no. Stuntet det var fraktfri levering og ei OVERRASKING i kvar pakke.(Han visste ikkje kva OVERRASKINGA var.) Dette resulterte i DRAUMAR og nermast eit lite MARERITT for han om OVERRASKINGA. OVERRASKINGA var så stor, at når han skulle pakke så fant han ingen store nok kasser. Å det var plutseleg ikkje berre ei OVERRASKING, det var mange, eg plukka fram masse OVERRASKINGAR som eg skulle sende. Og han var slett ikkje enig i alt som blei pakka. Eg har flira godt av dette, og eg trur at han vakna utslitt men letta. Iallefall så feirer vi draumane våra, og skremer han litt til med FRAKTFRI levering og ei OVERRASKING i ei heil veke på www.kokoshop.no På kokoshop finn du blant anna lommeboka TINE og kvardagsveska STINE, som er ein perfekt match. Begge deler i nydeleg kalveskinn.

Bloggen er aktiv igjen, og ein vinnar er kåra.

UTRULEG men sant,det er nytt på bloggen. Eg måtte berre få bloggen opp å gå igjen. Vi har endeleg   runda 2500 tilhengera på facebook. Hipp hurra,vi er så gla. Det er så kjekt viss du vil følg oss vidare. Følg med på kva som skjer og kva som har skjedd??? Men no skal vinnaren kårast. Og den heldige vinnaren får denne Lilly clutch veska i kalveskinn.
Vinnaren har vore så kjekk å dele ko:ko på sida si og andre plassar, og det er.......Hege Sævik Rabben. Gratulerer og god helg . Eg sender deg ei melding. Neste etappe er 3000, kjempe kjekt om du blir med.

tirsdag 21. februar 2012

NYTT ÅR, for leeengst....

Hærlighet, tida flyg, men bedre seint enn aldri......Heldigvis så har det hendt så mykje spanande sidan eg sist blogga. Eg har lova å kåre ein vinnar når vi når 2000 tilhengera, og  sidan vi for lengst har nådd 2000 tilhengera på facebook, så takkar eg for tolmodet.  Og vinnaren får ei nydøypt "JON + JENNY" veske i nydeleg kalveskinns , til ein verdi av kr. 2990,- Denne  passar til deg som er i farta.  Og vinnaren det er du det...........Susanne Røed. Gratulerer og takk for hjelpa til alle sammen.