mandag 17. oktober 2011

Ventar i spenning på vår aller, ALLER første levering.

Det er så spennande, og det er heldigvis ikkje berre eg som synest det er spennande. Spørsmålet no er, kor lang tid skal dei bruke på transporten???? Det er utruleg irriterand å vente på noko, utan å kunne gjere noko for at det skal gå raskare. Eg er super optimistisk, og tenker at alle ting går så raskt som det kan. Men det gjer det ikkje alltid. No er transporten godt i gang, og dei har vore på vegane i 6 dagar. Med 2 sjåførar, såkalla express, så må dei no snart dukke opp. Eg sjekkar telefon og mail ganske ofte, veldig ofte, egentleg heile tida...... Alt av toll og tull er ordna,  lager er klart, så da er det berre å site her å vente. Og det er det eg er dårlegast på, å vente!! Så da er det kjekt med det store engasjemanget på facebook. Vi når snart 1500 tilhengera, og da skal vi velge eit av navna dykkar på ein kjole:) Denne kjolen har ein "swril of life". Så del sida med dine vennar, og bli like ko:ko som oss.
Og så må eg berre minne dykk på kva som står inni alle kjolane. Denne teksta er kun ein påminnelse til oss sjølve.

"ko:ko congratulations, some days you deserve to be the princess that you really are"


Ha det godt da!

1 kommentar:

  1. Åh! Venter i spenning ilag med deg :)
    Blir kjekt å få sjå!
    Helsing Turid :)

    SvarSlett