torsdag 22. september 2011

ko:ko på vent.....

Nei ikkje slik på vent, men kjolane heng på rekke og rad på fabrikken, på vent. Eg får fin oppfølging frå fabrikken. Dei forsikrar meg om at all produksjonen er godt igang, og at noko er ferdig. Eg får litt hjartebank når eg ser dei henge der med ko:ko logoen. I dag har eg prøvt å finne ut kva tid denne draumen eigentleg starta. Og eg har leita fram brosjyra frå eit firma som eg jobba for på midten av 90-talet. Eg var selgar og produktutviklar. Vi reiste til portugal med skisser, og fekk produsert keramikk, potter, interiør produkt, julenissar etc. Eg har bilete av keramikk serien, og eg likar den faktisk enda. Skal vise det ein annan dag.

Ja så var det den draumen då. Kva tid skal ein følge draume sin, og kva tid følest det som ein draum. For å følge draumen, så må du nok rydde plass til den. Og kanskje må du" rydde vekk" meir enn du hadde tenkt. Eg har tenkt monge gongar dette året at "det er ei tid for alt". Men eg har vore veldig bestemt på å holde fokuset, og ikkje bli redd. Det har eg klart.  Og no har draumen blitt verkeleg, og det er  no jobben startar. Heldigvis så trivest eg best i virkligheita. Og når virkeligheita består av kjekke samtalar med nye forhandlera som har tru på ko:ko og ønsker å ta det inn i butikken sin. Åh...ja det er  akkurat desse konkrete augeblinka eg har venta på.  Og det kjekkaste er at eg føler at det er ko:ko og forhandlerane isaman, som skal bygge merket vidare.
Her hos meg er gledene pitte pitte små og kjempe store.....sjekk dei pitte små gledene då....men store nok til at hjertet gjorde eit lite hopp....tapen på pappkassa.....dette er virkeleg...




Ha det godt!!

2 kommentarer:

  1. Trur eg forstår følelsen:) Flott at du har logoen din over alt, det blir meir "gjennonført" på den måten, og han er skikkeleg tøff også!

    SvarSlett
  2. Hei, Så bra at du er på blogg og facebook også! Jeg gleder meg veldig til kolleksjonen kommer til butikken min! Har så smått begynt å reklamere litt for den også til mine kunder. Må nok levere inn en supplerende bestilling før jeg mottar den første leveransen ;-)

    Lykke til - du har noen flotte produkter!

    SvarSlett